Film: Freaky Friday
Utgitt: 2003
Sjanger: Komedie, fantasy
Skodespelarar: Lindsay Lohan, Chad Michael Murray, Jamie Lee Curtis,
Av: Mark Walters
Plot:Kan du førestille deg korleis det ville vere å skifte kropp med ein annan person? Utsjånaden, stemma, alderen og til og med familien vert skifta ut ?men hjernen er den same som før. Tess og Anna Coleman får oppleve dette i en fantastisk amerikansk familie-komedie.
Sjanger:Det er jo tydelig ein film fylt med humor og glede, så det er definitivt en komedie. Men eg ser alikavel eit sjangertrekk med at det faktisk kjem ein liten fantasy inne i filmen. Det blir fortsatt ikkje brutt for komedien sin del, eg syns det er positivt at det går an å lure inn litt Fantasy òg. Her er litt om dei to sjangarane:
Fantasy:Når det begynner å skje veldig urealistiske ting i filmen, ting som ikkje skjer i virkeligheita, kallar vi det for Fantasy. Og det er eit tilfelle i denne filmen.
Humor:Dette er jo hovudsakleg ein humoristisk film, som kan lett få deg til å dra på smilebandet. Det skjer stadig ting som kan skje i din eiga kvardag, og ikkje. Det er alltid en som kan vere litt klomsette, og ein som ikkje er så flink til å ordlegge seg. Det er òg eit tilfelle i denne filmen.
Kva gjer filmen spennande?:
Filmen begynner som en vanelig amerikansk high-school film; kverdagen til ein Amerikansk familie. Så utarbeider den seg til å bli den spennande komedien etter at mor og dotter har skifta kropp med kverandre. Der bygger filmen seg alltid stadig opp, og det blir berre meir og meir spennande etter kvart. Det ender opp med at dei får tak i ?motgiften? og kjem tilbake til seg igjen. Det er ein happy ending som det pleier å bli til slutt.
Helt:Etter ein diskusjon i klassen vart vi einige om at det var Lindsay Lohan som blei helt. Det er ho som er hovudpersonen, og ho er alltid i fokus. Men når dei må sei det ordtaket som får dei tilbake i den rette kroppen, så samarbeider både Tess og Anna Coleman. Det er jo det som er ?helte-øyeblikket? i filmen.
Korleis er spenningskurva brukt?
Du blir ikkje dradd inn i filmen med det første, det tek litt tid før den endelige handlinga kjem fram i filmen. Heilt i starten får vi Presentasjon om skodespelarane, om kva dei heiter, og kva dei gjer på i fritida. Lohan kjem fram som ei typisk ung jente, som diggar musikk og spelar gitar i eit band. Faren til Lohan er død, men Tess har funne seg ein ny mann som ho skal snart gifte seg med. Spenninga kjem fram når dei skal på kinaresturant og ete. Tess og Lohan begynner å kverulere om ting, og Tess tek ho med seg ut i gangen for å roe ho ned. Der får dei servert en fortune-cookie, og der står det eit ordtak inni, som dei ikkje bryr seg så veldig om. Her kjem allerede litt spenning fram om ka som skjer etter dei åt den fortune-cookien? VIL det skje noko i framtida som kinesarane seier det skal? Her er scena veldig spennande, og eg gledar meg til å sjå korleis det går i filmen seinare. Spenninga går opp og ned gjennom heile filmen. I begynnelsen tar det lang tid før spenninga blir høg, men når den først blir høg, så blir den det virkelig. Dei har begynt å flette inn fantasy-sjangeren, og fleire sjangertrekk generelt. Vi kjem no til
vendepunktet det eg meiner er når Tess og Lohan våknar opp i senga si dagen etterpå, der Tess vaknar i Lohan sin kropp, og omvendt. Her blir filmen dradd opp til eit klimaksnivå, og det skjer fort komplikasjoner her i filmen. Spennande og sjå ka som vil skje når folk merkar at det er noko rart med begge partane. Dei velger å holde det hemmelig enn så lenge, men kjærasten til både Tess & Lohan merkar fort at her er det noko veldig galt.. Her er Hollywood modellen brukt. Det er ein lang og god presentasjon av alle skodespelarane først, og det utarbeider seg til fordjupning, klimaks og point of no return. Det er en veldig typisk amerikansk film, og her er jo helst hollywood modellen brukt. Det er alltid nye utfordringar i filmen, og det er alltid nye ting som står i vegen for Tess og Lohan.
Er fortellinga tradisjonell eller orginal/nyskapande?
Det er ei veldig vanleg oppbygging av ein Amerikansk film. Men historien og idèen i filmen vil eg sei er nyskapande. Eg har ikkje lest eller sett noko liknande som denne filmen. Det fins vel filmar der folk byttar hjerne, og tenker heilt annerledes. Men det er ikkje eit tilfelle i denne filmen, der dei skiftar kropp, men fortsatt er den same personen i hovudet.
Plasser filmen i epoke, stil og uttrykk
Dei fire fortellerelemanta er i filmen;
Mise-en-scene: Det som utspelar seg framfor kamera, sjølve iscenesetjinga, og som inkluderer opptaksstad, skodespelarar og lysstejing.
Kinematografi: Det som blir gjort med kamera, val av bildeutsnitt, kamerabevegelsar, kor rask eksponeringa er, kor mykje lys osv.
Eksempel: Det er stor forandring på utsnitt og bevegelsar i kamera i heile filmen.
Lyd: Det som skjer på lydsida under opptak og gjennom lyddesign i etterarbeid: reallyd, dialog, effektlyd og musikk.
Eksempel: Lohan spelar jo i eit band, og på slutten opptrer dei forran publikum på skulen der ho går på. Der er det lagt på musikk, som dei latar som dei spelar.
Redigering og etterarbeid: Det ein gjer når filmen blir sett saman i redigeringa og etterarbeidet.